Mykle Mikrobryggeri

Omkransa av massive fjell og ein eventyrleg fjord ligg Mykle Mikrobryggeri.

Inst i enden av Omvikdalen ligg nemleg garden Myklebust, der det sidan vikingtida har vore busetjing. Då vi tok over garden hadde vi eit ønskje om å utnytta dei ressursane som var her. Før oss har det vore mange generasjonar med tradisjonelt jordbruk, men no ønskjer vi å gå nye vegar med andre gamle tradisjonar. Ølbrygging har òg vore ein del av gardshistoria, og vi ønskjer å tilby handverksøl, med ein smak av tradisjon, nyvinning og lokale råvarer.

Frå vi overtok garden i desember 2013 har vi hatt tankar om å etablera eit bryggeri på garden. Det har teke tid og innsats å få sett i stand delar av driftsbygga til å husa eit bryggeri. Resultatet er ein gamal møkakjellar omgjort til bryggeri. Kubåsar og mjølketankar er erstatta med kornsekker og gjæringstankar.

No er endeleg ølet ferdig brygga.

Eit øl forma av fjord, fjell og fonn.

Opningstider

Etter avtale

BRYGGERIET

Ønskjer du å komma ein tur innom bryggeriet, er det berre til å ta kontakt. Dersom du vil halda deg oppdatert på kva som skjer anbefalar vi at du abonnera på nyheitsbrevet vårt. Då held du deg oppdatert på nye produkt, utsalsstader og alt anna nytt som skjer. 

Øla våre

Mykle Mikrobryggeri produserer ei rekke ulike, velsmakande handverksøl. Noio, Dalsvatnet, Drøsøl, Putlo, SIPA og Sumarsolo er alle perfekte året rundt

Drøsøl

Uavhengig av vindretning og vêr går drøsen lettare med denne. Stemningsgaranti.

Putlo

Har du kome i putlo er det mykje som kan løysast med ein pale ale.

Dalsvatnet

Kvilepause i lyngen. Med utsyn til fjell, fjord og fonn. Ro i sjela.

SIPA

Ein heng ikkje lenge med geipen når ein har fått smaken på Sunnhordland sin eigen IPA.

Sumarsolo

Sett deg på bryggekanten ved ein funklande Hardangerfjord og la dagen bli fulkommen med Sumarsolo.

Noio

Har panikk og paranoia festa grepet? Då kan det losna med ei amber ale frå Mykle.