Blogg

Endeleg opnar gardsutsalet

No kan vi ønskje deg hjarteleg velkomen til gards! Laurdag 29. oktober opnar gardsutsalet, og her kan du få høvet til å kjøpe ei flaske eller to av dei ulike typane øl vi har produsert.

Øla våre

Mykle Mikrobryggeri, Sunnhordlands første bryggeri, leverer håndverksøl fra sitt bryggeri i Omvikdalen, Kvinnherad kommune

 

Til opninga vil vi selge tre ulike typar øl; Drøsøl, Putlo og Dalsvatnet.
Drøsøl er ein Kölsch-inspirert øl, Putlo er ein Pale Ale og Dalsvatnet er ein American Blonde Ale.

Den siste sorten,  SIPA, er ein Indian Pale Ale. Denne er ikkje til sals i gardsbutikken, då den har ein styrke som gjer at det berre er stader med skjenkeløyve som kan selje denne.

Vil du vite meir om dei ulike øltypane så sjekk ut produktsida vår.

 

Dette må du vite

Kvar ligg gardsutsalet?
Det ligg heilt inst i Omvikdalen, nærare bestemt Myklebustvegen 209. Vi kjem til å setja opp skilt ved garden slik at du veit kvar du skal.

Kjem du frå Rosendal svingar du opp ved Statoil, og køyrer heilt til krysset kor du kan ta av til Matre/Fjellhaugen. Då køyrer du nedover Omvikdalen att, og det er fyrste gard på høgre side.
Kjem du frå Husnes er det berre til å køyre opp dalen frå Sandviko. Då vil du til slutt sjå skilta.

Kva kostar det?
Øla kostar 50 kroner per flaske – enkelt og greitt.

Korleis kan eg betale?
Kort, kontant og Vipps er velfungerande valuta i Omvikdalen.

Kor mykje kan eg kjøpe?
Vi sel til vi går tom.

Kor lenge held de ope?
Gardsutsalet er ope frå 12 til 15.

Kvar kan eg parkere?
Det finst parkering i tunet på garden.

 

Vi tek over SMAKIFRÅ

Forutan opninga av gardsutsalet så skal vi òg «ta over» SMAKIFRÅ Oska i Uskedalen på kvelden, laurdag 29. oktober.

Dersom du vil høyre meir om korleis prosessen kring etableringa har vore er dette staden å vere! Det blir òg ei ølsmaking, og her diskar Roy opp med smakfulle munnfullar som kan passe til dei ulike ølsortane.

Etterpå tek vi over serveringa i baren, mens kveldens DJ styrar dansegolvet.
Det blir med andre ord duka for god stemning i haustmørkret, så dette er noko du ikkje vil gå glipp av.

Sjekk ut SMAKIFRÅ si eiga Facebook-hending her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *