Noio er ei Amber ale frå Mykle Mikrobryggeri

Noio

Har panikk og paranoia festa grepet? Då kan det losna med ei amber ale frå Mykle.

Malt: 
Humle: 
IBU: 31 // ABV: 4,7 % 

Sumarsolo er ein frisk og velsmakande Wit frå Mykle Mikrobryggeri, Hardanger sitt desiderte flottaste bryggeri

Sumarsolo

Sett deg på bryggekanten ved ein funklande Hardangerfjord og la dagen bli fulkommen med Sumarsolo.

Sumarsolo er tilsett koriander og skal av sitrusfrukt

Malt: Pilsnermalt, kveitemalt, Munichmalt, Havre
Humle: Magnum, Saaz
IBU: 15,6 // ABV: 4,7 % 

Mykle Drøsøl er en Kölschinspirert-øl fra Mykle Mikrobryggeri i Sunnhordland og Hardanger. Håndverksøl formet av fjord, fjell og fonn.

Drøsøl

Uavhengig av vindretning og vêr går drøsen lettare med denne. Vi gjer deg stemningsgaranti.

Kølsch er eit beskytta varemerke og har sitt opphav frå Köln-området nord i Tyskland.

Drøsølet vårt er eit lyst, friskt og lett Kölnerinspirert øl. Høver like godt etter ein lang fjelltur, som til selskap med gode vener. Drøsøl har ein lav bitterheit og kan vera eit godt fylgje til barsnacks, egg og ost. Eller kva med ein vårrull med hummer?

Malt: Pilsnermalt, Carapils, Munichmalt
Humle: Hallertauer
IBU: 21,4 // ABV: 4,5 % 

Mykle Putlo er en pale ale fra Mykle Mikrobryggeri i Sunnhordland og Hardanger. Håndverksøl formet av fjord, fjell og fonn

Putlo

Har du kome i putlo er det mykje som kan løysast med ein pale ale som denne.

Putlo vår er frisk og lett, men med litt meir djupne frå malten og eit behageleg humlepreg. Dette er eit øl som vil få deg i godt humør. Putlo kan du trygt nyta saman med t.d. grilla fisk, kreps eller krabbe med dill. Kraftig lagra ostar som parmesan er òg ein sikker vinnar.

Malt: Palemalt, Caramunich, Kveitemalt
Humle: Amarillo, Cascade, Citra
IBU: 38 //  ABV: 4,6 %

Mykle Dalsvatnet er en American Blonde Ale fra Mykle Mikrobryggeri i Sunnhordland og Hardanger. Håndverksøl formet av fjord, fjell og fonn.

Dalsvatnet

Kvilepause i lyngen. Med utsyn til fjord, fjell og fonn. Ro i sjela.

Dalsvatnet er ein harmonisk fristad til fjells, og vår blonde amerikanske utgåve kan gje deg ein smak av sumar og fønvind uavhengig av årstid. Fisk og skaldyr kan nytast til denne, men ein curry laga på kokosmjølk kan òg vera eit godt val.

Malt: Pilsnermalt, kveitemalt, Bisquit, Carapils
Humle: Saaz, Fuggles, Simcoe
IBU: 21,4 // ABV: 4,5 %

Mykle SIPA er en Indian Pale Ale (IPA) øl fra Mykle Mikrobryggeri i Sunnhordland og Hardanger. Håndverksøl formet av fjord, fjell og fonn.

SIPA

Ein heng ikkje lenge med geipen når ein har fått smaken på Sunnhordland sin eigen IPA.

Det er ingen grunn til å SIPA! Vår versjon gjer deg relativt mild maltfylde, men høg bitterheit frå humla. Denne kan nytast framføre bålet, i godstolen eller i naustet medan bølgjene slår innover kaien. Blir du svolten kan det vera godt med ein sterk curry på kokosmjølk og steikt løk, eller fish’n’chips med krydra chipotlemajones. Ein salt og god farmhouse cheddar vil òg gje deg ei god oppleving.

 

Malt: Palemalt, Munichmalt II, Caramunich II
Humle: Magnum, Amarillo, Cascade, Chinook
IBU: 68 //  ABV: 6,2 %

Grunna styrken på denne er den ikkje til sals i gardsbutikken. Den kan kjøpast på stader med skjenkeløyve.