Filosofien

Det handlar om å skapa verdiar og eit livsverk, basert på øl og bryggekunsten. Noko å sjå fram til, noko som tilføyer verdi, og noko som vi gler oss over å arbeida med. For oss har det vore viktig å bruka ressursar som er tilgjengelege på garden, og å skapa eit liv og ei framtid her.

Med dette som utgangspunkt ynskjer vi å brygga eit kvalitetsprodukt, øl som både vi og dei rundt oss likar og som kan få ein lokal identitet. Forankringa skal liggja lokalt og nasjonalt, men med blikket retta utover i den store verda utanfor dalen.

Naturen som omkransar bryggeriet skal få spela inn på fleire måtar. Den reine naturen i form av fjell, fjord og fonn skal setja sitt preg på både produkt, design og filosofi.

Menneska bak Mykle

margit_bnw

Eg heiter Margit og tek meg av produktutvikling, smak og kvalitet samt profil, sal og marknadsføring. Dersom du har nokre spørsmål knytt til dette må du gjerne ta kontakt.

margit@myklemikrobryggeri.no

reinhard_bnw

Eg heiter Reinhard og er bryggerimeister i Mykle.  Eg tek meg òg av økonomi, bygg og lagerhald, så dersom du har spørsmål kring dette er det berre å ta kontakt.

reinhard @ myklemikrobryggeri.no
(+47) 909 73 982

Myklebust

Myklebust ligg øvst i Omvikdalen i Kvinnherad kommune og er ein gard som er rik på historie.

Jorda, elva og fjella som ligg rundt garden har lenge gjeve eit godt livsgrunnlag – og gjer det den dag i dag. Omvikdalen er ei viktig jordbruksbygd, der hovudtyngda ligg i mjølkeproduksjon og sauedrift. Men det er òg heimstaden til fleire nytenkjande gardskonsept.

Eigarane på Myklebust har fram gjennom hundreåra hatt både gode og dårlege tider. Tidvis var garden eigd av baronen som hadde bustad i Baroniet Rosendal, og ulike andre familiar har eigd garden.

I 1955 tok besteforeldra til Margit over garden, og garden gjekk i arv til Margit i 2013. Då flytta heile familien heim frå meir urbane strøk i Bergen. Allereie då hadde vi lagt planar for at vi ville sjå om eit ølbryggeri lot seg etablera på Myklebust.

Vi har begge lenge vore begeistra for bryggekunsten, og fram sprang ideen om å starta eit mikrobryggeri. Floren, som tidlegare husa kyr og mjølketank, vart forvandla til eit bryggeri. Med kornlager, gjæringstankar og rom til ein eigen gardsbutikk.

Etter ein lang prosess med å få på plass løyve, utstyr og gjera floren klar kunne vi endeleg starta brygginga i juni 2016. Målet vårt er at du skal kunna gle deg over ølet vårt i like stor grad som vi gler oss over å få brygga det.

Historia strekk seg langt tilbake i tid, men den er langt ifrå ferdig. Følg oss gjerne vidare på ferda, på Facebook eller bloggen vår.

Du vil vel ikkje gå glipp av det som skjer?